logo1

maritSkjåk Almenning er Norges største private tilbydar av villreinjakt. Kvart år vert det tildelt rundt 400 dyr, og om lag 2/3 av jaktkorta går til utanbygds jegerar!
Skjåk er med i Reinheimen Breheimen villreinområde eit villreinområde som omfattar over 4 750 km2 i 10 kommunar. 
Det er høg kvalitet på villreinen, og av mange vert dette rekna som kronjuvelen blant villreinområda i landet.

Kvart år vert det skote mange bukkar med gevir som kjem godt over kravet til gull. 
Fellingsprosenten ligg for det meste rundt 70 % totalt sett for villreinområde.
Jakttida på villrein i Reinheimen-Breheimen villreinområde er frå og med 20. august, til og med 14. september. 

Dei ulike områda

Villreinjakta i Skjåk er delt i 3 ulike område; søraust, sørvest og nordaust.

 På nordaust jaktar ein stort sett innafor Reinheimen Nasjonalpark.

Det blir tildelt flest kort på nordaust, og det er derfor lettare for utanbygds jegerar å få jakt i dette området.
Terrenget her er prega av slake flyer og er ikkje spesielt krevjande - men avstandane kan blir lange. Nordaustområdet har overgangsavtale med Lom, Lesja og Vågå nokre dagar i jakta. 
Desse fjellbuene er opne for jegerar under jakta; Storhøbu, Sveinbu og i enkelte år Skarvedalshytta. 
 
På søraust jaktar ein i Breheimen Nasjonalpark. 
Søraustområdet har generelt eit meir krevjande terreng å ferdas i. Reinen står vanlegvis meir spreidd i terrenget, noko som gjer at ein oftare får skotsjansar dersom ein fyrst får auge på reinen. I tillegg er det ein mektig natur å ferdas i, blant isbrear og 2000 meterstoppar!
Desse fjellbuene er opne for jegerar under jakta; Sauhytta, Grønstorrbue og Sottjønnbue

På sørvest jaktar ein også i Breheimen Nasjonalpark. Området her har færrast tildelte kort, og berre nokre få kort går til utanbygds. Dette er av dei fleste rekna for å vere det mest ekslusive terrenget, og med unntak av Raudalen er det litt mindre krevjande å ferdas her enn lenger aust. 
Desse fjellbuene er opne for jegerar under jakta; Raudalsbue og Glitterbue.

Hytter til utleige

Skjåk Almenning har også fire hytter til leige som er svært aktuelle som base for jaktlag. Aursjobu er flott utgangspunkt for jakt på nord. Legerhytta er bra utgangspunkt for jegerar på sørvest, Liabu for dei som har jakt på søraust, og Heggjeåsage kan vere utgangspunkt for jakt i alle tre områda våre. 

For meir informasjon og pristilbod om hytteleige, ta kontakt med oss. 

Det er fleire aktørar i Skjåk som driv med kløvjing av utstyr og kjøttransport med hest, ta kontakt med oss for meir informasjon.  

NYTT FOR VILLREINJAKTA 2017

Jakttid
Jakttida blir som i 2016, dvs jakttid frå og med 20. august, til og med 14. september. 

Endring i overgangsavtale på Skjåk Nord
Det er nå ingen overgangsavtale, dvs ikkje opne grenser mellom Lesja og Skjåk under jakta.

Skjåk (og Lesja) har overgangsavtale med Fellesområde Finndalen, (dvs Lom og Vågå) tysdag og onsdag 30-31. august og 6-7. september. Desse dagane kan jegerar med kort frå Skjåk jakte i Finndalen fellesområde - men ikkje i Lesja. Jegerar med kort frå Lesja kan heller ikkje jakte i Skjåk, men jegerar med kort frå Fellesområde Finndalen kan jakte i både Lesja og Skjåk desse 4 dagane.

Unge jegerar (20 år og yngre) kan jakte i heile det opne jaktområde i Reinheimen under heile jakta.

Oversiktskart jaktgrenser Reinheimen

Freda område på Skjåk søraust - blir vidareført også i 2017

I 2016 vart freda eit område på sørsida av Skjøle i Lundalen frå Sandgrove til Sandgrovskaret og vestover til synste Breagrovi (sjå kart). Årsaken til dette var å forsøke få dei bukkane som ofte står i grenseland Lom/Skjåk til å trekkje skikkeleg over på Skjåk før ein startar jakta på dei. Dette såg ut til å fungere i 2016, og bukkane kryssa Lundadalen fleire dagar tidlegare enn dei siste 3-4 åra. Tiltaket blir derfor vidareført.

Det blir altså ikkje høve til å jakte på freda område, og ein skal ikkje losne skot før dyra står på tørt land på nordsida av Skjøle på denne strekninga. Dersom det kjem fleire dyr i flokk blir det oppmoda om at heile flokken kjem over elva før ein løyser skot. 
Oversiktskart freda område på Skjåk søraust


Freda område og nordvestleg grense på Skjåk Nord
Området sør for Aursjoen, mellom vegen og Aura er freda som tidlegare. I tillegg blir grensa i nordvest oppretta i 2016 vidareført også i 2017. Grensa går nå langs Tora elv i Tordalen, vidare austover langs elva Tverråe til Torsvatnet. Frå Torsvatnet, austover langs etter elva Spongje, og vidare langs same vassdraget til grensa mot Lesja og vatn 1553.

Facebukk 2

Prisar og søknad
I Skjåk får alle innanbygds søkjarar tildelt villreinjakt kvart år, og kategori dyr blir tildelt etter ei fast rullering.

Men største delen av jaktkort går til utanbygds jegerar, og for utanbygds jegerar er det også mogleg å søkje som lag.


Prisane for utanbygds for ulike kategoriar dyr er i 2017 fastsett til:

Fritt dyr kr 12 250,-
Simle/bukk u 40 kg OG kalv (nytt kort 2017)    kr 11 200,-
Bukk u/50 kg kr   8 800,-
Bukk u/40 kg/ simle      kr   7 500,-
Kalv kr   3 700,-

Merk ny korttype for 2017; simle/bukk u 40 kg OG kalv. Jegerar som søkjer på dette kortet vil bli prioritert. Dette er for å prøve å redusere jakttrykket og potensialet for skadeskyting og inhuman jakt.

SØKNADSFRISTEN ER 1. APRIL

 rein

 
 
 
  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.