Nye rutinar - elektronisk dokumentflyt ved tildeling av villreinjakt

14. Bukkejakt i Lundadalen - August.jpg

Innan midten av mai vil vi starte å sende ut tildelinga elektronisk, fyrst til innanbygds. Det blir varsla på facebook når vi startar utsendinga.

Vi har nå gått over til eit nytt system der dokumentflyten mellom oss og jeger skal gå mest mogleg elektronisk.

NB! Det er viktig at alle gjevne fristar blir halde. Dersom fristane ikkje blir halde utan noko form for attendemelding til oss, blir det som å takke nei til jakt.

Opplegget blir nå som fylgjer;

  1. Dersom du får tildelt villreinjakt i Skjåk vil du få tilsendt ein e-post og ein SMS med info om at du er tildelt villreinjakt, og må signere jegerkontrakt. I jegerkontrakta står alt du treng å vite i høve kva område og type dyr du er tildelt. Fylg instruksjonane i sms / e-post for å signere jegerkontrakta innan fristen. Ein får tilsendt varsel / påminning om signeringsfristen. Når alt er i orden får du tilsendt ein kopi av signert kontrakt og dokumentasjon per e-post.

  2. Når du har signert innan fristen, vil du deretter få beskjed om å sende eit bilete / skjermbilete av kvittering for betalt jegeravgift innan ein ny frist. Det blir sendt ut varsel/påminning om denne fristen også. Når alt er i orden får du tilsendt ein kopi av signert kontrakt og dokumentasjon per e-post.

  3. Når vi har motteke både signert jegerkontrakt og kvittering for betalt jegeravgift, vil ein få tilsendt faktura per e-post.

  4. Når alle dokument og betaling er motteke innan dei gjevne fristane, er ein klar til å hente jaktkort hjå oss. Det blir lagt ut info på heimeside/facebook når korta er klare til henting - vanlegvis ikkje før utpå sommaren.

Har dykk spørsmål eller ikkje får til den nye løysinga er det fint om dykk tek kontakt med oss så snart som råd - så skal vi finne ei løysing.

Birgit Bilstad