Marlosøygard bru blir stengd frå veke 33.
Brua blir stengd for renovasjonsarbeid, og det er rekna med at arbeidet vil vare i 12 veker, altså fram til rundt månadsskiftet oktober/november. Det vil bli varsla dersom arbeidet tek lengre eller kortare tid enn planlagt.
Medan arbeidet går føre seg, blir det skilta omkøyring via Bualivegen.
Presisering: Dette gjeld ikkje Dyringsbrua. Vegen vidare mot Sota er framleis open, og dei som skal til Sota kan køyre som normalt.
Foto: Skjåk kommune