Ei overnatting med historisk sus – Fiskedamskoia i Botn kan no leigast!

Midt i hjartet innan fiskekultivering i Skjåk ligg Fiskedamskoia!

Settefiskanlegget i Botn vart etablert i 1945–46 gjennom eit samarbeid mellom Skjåk Jegar og Fiskarlag og fjellstyret i Skjåk Almenning. Den første dammen stod ferdig våren 1946 etter ein imponerande dugnadsinnsats frå bygdefolket. I åra som følgde vart anlegget utvida til sju dammar, og på det meste vart det produsert fleire titusen settefisk kvart år. Fiskedamskoia kom truleg til etter at dei første dammane vart bygde i Botn.

Fisken vart nytta til å byggje opp og styrkje fiskebestandane i fjellvatna i Skjåk og elles i regionen. Anlegget fekk stor betydning for fiskekultiveringa gjennom fleire tiår, og mykje av infrastrukturen er framleis synleg i området.

I 1992 kom det moderne settefiskanlegget, på Randsverk i drift. Skjåk Almenning eig i dag andelar i anlegget, Vågåfisk AS. Etter kvart som behovet for eigen produksjon av settefisk i Botn fall bort, vart anlegget avvikla. Dei gamle fiskedammane har i dag grodd att og blitt til myrområde. Området blir likevel framleis nytta i fiskekultiveringa, som oppstallingsplass for dei om lag 500–700 settefiskane som vi kvart år kjøper frå settefiskeanlegget i Randsverk før dei blir sette ut i fiskevatn i Skjåk.

Når du overnattar i Fiskedamskoia, bur du dermed midt i eit stykke lokalhistorie. Her kan du oppleve spor etter den store dugnadsinnsatsen som la grunnlaget for fiskekultiveringa i Skjåk, samstundes som du har eit flott utgangspunkt for turar, fiske og naturopplevingar i området.

Hytta kan du leige på Inatur.

Skjåk Almenning