Villreinjakt for utanbygds

Vi takkar for alle søknadar i 2026!

Tilbod om villreinjakt i Skjåk Almenning blir sendt ut i løpet av onsdag 13. mai. Dei som har fått tilbod om jakt får varsel på både sms og e-post om å signere kontrakt. Dette gjeld både enkeltkort og lag. Signeringsfristen er 5 dagar, dvs at siste frist er måndag 18. mai.

Dersom ein ikkje signerer innan fristen vil kortet gå vidare til reservelista.

Dei som står på reserveliste vil få beskjed om dette per e-post (ikkje sms). Sjekk søppelmappe, då det hender at e-post frå oss havnar der.

Dersom du ikkje får varsel om signering eller varsel om reserveliste, har du dessverre ikkje fått jakt i Skjåk Almenning i 2026.



Birgit Bilstad