Tildeling av villreinjakt innanbygdsbuande
Tildeling av villreinjakt for innanbygdsbuande blir sendt ut i løpet av dagen i dag, onsdag 29. april.
Det blir sendt ut kontrakt per e-post og varsel på sms. Det kjem også eit infoskriv per e-post, sjekk eventuelt søppelmappa om det ikkje kjem noko.
Signeringfristen for kontrakta er 5 dagar, altså i løpet av måndag 4. mai. Dersom ein ikkje signerar innan fristen fell tilbodet om jakt burt. Om ein likevel ikkje ynskjer jakt i Skjåk Almenning, sett vi pris på at ein enten avviser kontrakta, eller sender ein e-post med stadfesting av dette.
Ta kontakt med oss dersom det er spørsmål.
NB! Dette gjeld innanbygdsbuande, utsending med tilbod til utanbygds blir ikkje klart før tidlegast i slutten av neste veke.