Oppstart opprusting av Sotvegen - anleggsdrift og stengt veg
Frå neste veke (38) startar opprusting av Sotvegen!
I forbindelse med anleggsarbeidet har styret i Sameiget Sotvegen bestemt at det blir naudsynt å stenge vegen i lengre periodar kvar dag, både for å få arbeidd mest mogleg effektiv utan avbrot – men og med tanke på sikkerheit.
I utgangspunktet vil det bli full anleggsdrift i perioden måndag – torsdag kl. 07:00 – 19:00.
Desse dagane vil det bli mogleg å koma forbi utan lang ventetid berre i tidsrommet (samsvarar med skuleskyssen til Sota Sæter);
Måndag – torsdag kl. 07:00 – 08:15 og kl. 14:00 – 15:15.
Fredag: kl. 07:00 - 08:15 og kl. 13:30 – 14:30.
I helgene frå fredag kl. 15:00, vil det bli fri ferdsel utan lengre ventetid.
Arbeidet startar opp nå i haust og kjem til å pågå utover hausten så lenge det er mogleg med tanke på frost og snø. Vidare kjem arbeidet til å starte opp att til våren 2026 i april/mai så snart det let seg gjere, og ein tek sikte på å bli ferdige før fellesferien startar.
Entreprenøren kjem til å starte med strekninga Næpholet (betalingsanlegget) og vidare til Liavassosen med dei punkta som erfaringsmessig gjev oss mest problem i løpet av vinteren.