Villreinjakt på Skjåk nordvest

Skjåk Almenning opnar for overgangsjakt til delar av det tidlegare definerte nordvest-området. Dette inneber at kort stempla med Skjåk Almenning  sørvest kan jakte på nordvestområdet tysdagar, onsdagar og torsdagar: 2- 3-4. september og 9-10-11. september. Dette gjeld altså berre for sørvestkort med Skjåk Almenning som valdansvarleg. Jeger jaktar da på sitt respektive jaktkort som i utgangspunktet er tildelt på sørvest. Det definerte jaktområdet kjem fram i vedlagt kartutsnitt.

 

I stor grad fylgjer jaktfeltgrensa kommunegrensa mot Stranda og Fjord kommune, samt Grotlieigedommen og Breidablikk. I Vuludalen fylgjer grensa høgdekvote 1200 på vestsida av dalen for at dyra ikkje skal pressast mot Reinheimen.

Elles gjeld føringar gjeve i underskriven jegerkontrakt. Eventuelle felte dyr blir registrert i sett og skutt på 2217V0024 – Skjåk Almenning sørområdet, men på kjevelapp og kontrollkort skriv ein på faktisk fellingsstad. Dette for å få oversikt over dyr som blir felt på nordvestområdet.

Birgit Bilstad