Trekking av villreinjakt
Årets trekking av haustens villreinjakt er utført. Vi takkar alle for interesse! Søkjarmengda er stor som medfører at ein del dessverre ikkje får tilbod om jakt. Alle forskjellige ynskjer og prioriteringar frå søkjarar er heller ikkje mogleg å kome i møte fullt ut.
Søkjarar med bustadadresse 2690 Skjåk eller 2693 Nordberg blir prioritert med tildeling.
Alle som har fått tilbod om jakt har fått tilsendt e-post/sms. I meldinga er det med lenke til signering av jegerkontrakt. Jegerkontrakta må signerast innan fristen på fem dagar. Dersom denne ikkje blir signert, går kortet utan vidare varsel til reservelista.
Dersom du ikkje har fått beskjed om at du har fått jakt via e-post/sms, har du dessverre ikkje fått jakt i Skjåk Almenning. Det er oppretta ei reserveliste der søkjarar blir kontakta etter hand som det blir ledige jakttilbod.
Ver venleg og les nøye gjennom tilsendt jegerkontrakta. Denne utgjer grunnlaget for jaktutøvinga og pliktene dine som jeger i Reinheimen-Breheimen villreinutval.