Hjorteviltdag
I samband med friluftslivets år blir det fredag 13.juni invitert til ein hjorteviltdag. Dette i samarbeid med Skjåk Jeger og Fiskarlag.
- På dagtid blir det gjennomført kurs i feltkontroll av viltkjøt som gjev deg autorisasjon for godkjenning. For innanbygds blir det ein god moderasjon i kursavgifta. Sjølv om du har kurset frå tidlegare kan det vere fordelar med regodkjenning!
- På kveldstid (frå kl. 19) blir det ein sosial kveld for viltinteresserte på Mogard med orientering om hjortemerkeprosjektet, viltquiz og pub. Erling Meisingset frå NIBIO informerer om prosjektet.