Jakt i villreinens rike

 Foto: Morten Kielland.

Foto: Morten Kielland.

Skjåk er delt inn i tre område for villreinjakt, Skjåk Nord, Skjåk Søraust og Skjåk Sørvest – alle ligg i Reinheimen-Breheimen villreinområde. Største delen av denne villreinstamma finn ein i Reinheimen, det store fjellområdet mellom Lesja, Vågå, Lom og Skjåk.

 

Villreinjakt i Reinheimen,
Skjåk nord

Reinheimen Nasjonalpark er det nest største inngrepsfrie område i Sør Norge, og her kan ein oppleve eit intakt høgfjellsøkosystem med rein, jerv, kongeørn, fjellrev, ryper og jaktfalk for å nemne nokre.

Terrenget er prega av slake flyer og store avstandar, men generelt er det eit lettgått og oversiktleg terreng, særleg i austlege delar.

Dette stiller endå større krav til jegeren med å vere bevisst på vindretninga, og gjere seg mest mogleg «usynleg» for reinen.

Vestover er terrenget litt meir kupert, og sommarbeite blir frodigare dess lenger vest ein kjem.

Reinsdyra fylgjer stort sett på vindretninga, og denne har derfor mykje å si for kvar dyra står i terrenget gjennom jakta. Vinterstamma skal vere rundt 2000 reinsdyr.

Korleis reinen brukar dei ulike områda til ulike årstider er godt skildra i årsrapportane til villreinutvalet.

Årsmeldingane finn du på heimesida til villreinutvalet for Reinheimen-Breheimen.

Villreinjakt i Breheimen,
Skjåk søraust

På Skjåk søraust jaktar ein også i Breheimen Nasjonalpark. Jakt mellom store isbrear, fjelltoppar over 2000 meter og i frodige fjelldalar, gjer at rammene rundt reinsjakta blir storslegne i Breheimen.

Både gevir og slaktevekter er i norgestoppen, noko som tydar på gode naturgjeve føresetnadar og god forvaltning gjennom mange år.

Dei tre store dalføra Lundadalen, Tundradalen og Åstradalen (Bråtå og Liavatnet) delar opp landskapet, som elles er nokså bratt - men ikkje spesielt ulendt.

Noko slit høyrer uansett med på reinsjakt! Det er ynskjeleg at vinterstamma skal vere rundt 400-500 rein.

Sjølv om det ikkje går mange DNT stigar i villreinområda, er det bra med lokale merka stigar som gjer inngangen til villreinenes rike litt lettare. Oversikt over mange av desse finn du på Outtt.com, eller du kan kjøpe turkart for heile Skjåk, i målestokk 1:60 000 som har alle stigar og info innteikna.

 

Villreinjakt i Breheimen,
Skjåk sørvest

På Skjåk sørvest jaktar ein i Breheimen Nasjonalpark. Kjerneområdet for reinen her er fjella frå Raudalen til Gamle Strynsfjellsvegen. Dette er den minste bestanden i Skjåk, og vinterstamma skal vere på rundt 250 dyr.

Dei fleste drøymer om å få jakte her, og området vert av dei fleste rekna for å vere det mest eksklusive, og beste område for reinsjakt.

På grunn av topografien og nærleiken til vestlandet er området ekstremt værutsett, og klimaet er tøft vinterstid, men desse hardføre dyra ser ut til å trivast – for det er her slaktevektene jamt over er høgast.

Bukkar over 100 kg slaktevekt er ikkje uvanleg. Det er nok det frodige sommarbeite som gjev dei gode slaktevektene.

Terrenget varierer mykje, frå lettgåtte og lett tilgjengelege flyer innover frå Grotli og Glittervatnet, til langt meir utilgjengelege fjell lengst inne i Raudalen og Mysubyttdalen.

Bukkeflokkane brukar helst fjellområda frå Dyringshøe til Mysubyttdalen fram til brunsten.