Lykke til vidare som pensjonist Kari Elin!

Vår fyrstedame Kari Elin Sperstad hadde sin siste arbeidsdag i Skjåk Almenning førre veke.

Kari Elin har arbeidd i Skjåk Almenning sidan 2008, og har vore den som har teke vare på alle oss andre på administrasjonsbygget gjennom alle desse åra (nesten som ei reservemor for enkelte!).

Ikkje berre har ho hatt omsorg for oss tilsette, men også «hugsott» for reinsjegerar og turfolk som ho har sendt til fjells.

Serviceinnstilt og gode evne til å prate med alt og alle – har gjort at sjølv dei argaste kundane har kome blide og tilfredse ut att frå kontoret.

I tillegg til å halde styr på oss andre, reinskort, papir og e-postar, har ho vore ein bauta til å stille opp - og med ein arbeidsmoral til etterfylging.

Takk for arbeidsinnsatsen din i Skjåk Almenning og fine stunder i lag Kari Elin!

Vi kjem til å sakne deg - men ynskjer deg alt godt vidare i pensjonisttilvære framover!

Birgit Bilstad