Villreinjakta 2023 er historie- hugs å levere inn igjen kort og evt. kjevar!

Vi takkar alle jegerar og oppsyn for villreinjakta 2023 som nå er historie. Nå får villreinen ro og fred til å føre slekta vidare, og spare på reservane som den treng til vinteren.

Hugs dette etter at jakta er over;

ALLE skal levere kontrollkortet sitt tilbake til kortutsteder, også dei som ikkje har felt dyr.

Dersom du har felt dyr skal du også gjere fylgjande;

  1. Registrer skote dyr i hjorteviltregisteret eller appen “sett og skutt”

  2. Reinsk nerkjeve godt, og lever denne til oss med utfylt kjevelapp. Eventuelt send den i posten.

Fristen for levering var 24. september.

Dersom du leverer etter siste frist som vert sett til 1. oktober, vil du få tilsendt eit gebyr på kr 500,-, samt risikere å bli utesteng frå jakt neste år (jf. kontrakt).

Det er viktig for oss og forvaltninga at vi får tilsendt opplysningane i tide, slik at vi får rapportert vidare - og kan få samanstilt resultat frå alle jaktområda.

Vi ynskjer dykk alle ein fin haust!

Birgit Bilstad