Elg og hjortejakta 2023

Elg og hjortejakta i Skjåk Almenning 2023 er historie, og var siste året i gjeldande bestandsplan.

Totalt vart det felt 90 elg i 2023, mot 89 i 2022. Det mangla 5 elg på tildelt kvote, slik at fellingsprosenten vart 92 %.

Den tyngste elgen i 2023 var ein elgokse med 7 taggar og 253 kg slaktevekt.

Gjennomsnittleg kalvevekt vart 53,2 kg, medan den største kalven vog 81 kg. Vi premierer uttak av små kalvar (og åring/vaksne) med ein rimeleg kgpris, og håpar difor at vi har fått ut noko av det vi definerer som skrapdyr.

Det vart felt 42 hjort i SA denne hausten, der den tyngste bukken vog 122,5 kg, og to gevir heldt medaljekravet til GULL . Generelt held slaktevektene seg stabilt bra for hjorten i Skjåk.

Vi takkar jaktlaga så mykje for innsatsen og godt samarbeid i 3 år!

Utlysing av jakt for ny periode håpar vi å ha klart i løpet av april. Det blir lagt ut info om dette på heimesida vår / facebook så snart det er klart.

Birgit Bilstad