Handtering av felt vilt

Handtering av felt vilt er ei eiga samling og ein viktig del av jegerprøvekurset. Handtering av felt vilt og ivaretaking av matressursen er også ein av dei mest sentrale grunnane til at vi driv jakt på ulike arter. Dei aller fleste handlar på ein god måte rundt dette, men dessverre er det enkelte som set heile jegerstanden i dårleg ljos. Alle kan sjølvsagt vere uheldige med skot der kjøtet blir forureina. Det er også ulike føresetnader med tanke på erfaring og eigenskapar for å ta fatt på ein slakteprosess. Men når du vel å søkje og takke ja til eit jaktkort i Skjåk Almenning, da skal du helde deg til overordna prinsipp etter beste evne.

Desverre mottok vi også i haust meldingar om tilfelle med dårleg handtering av felt villrein. Altså lite nytting av kjøtverdi. Lår og bøg er teke med. Slik sett vitnar det om at jegeren har slaktekompetanse. Slik oppførsel slår vi som rettshavar og kortutsteder hardt ned på. Vi mottek derfor gjerne relevant informasjon om slike tilfelle. Hugs at tilgjengelege oppsyn eller andre jegerar gjerne bistår deg med råd dersom du er i tvil om slakteprosessen!

Birgit Bilstad