Treningsfelt for fuglehund

Foto: BS Tengesdal.

Foto: BS Tengesdal.

Har du og fuglehunden lyst til å trene i Skjåk? Skjåk Almenning har opna eit område for jakthundtrening for fuglehundar. Vi set pris på at all fuglehundtrening føregjeng i dette avsette område, sidan alle som vil drive jakthundtrening må ha grunneigar sitt samtykke (jf. Hundelova § 8).
 
Treningsfeltet for fuglehund er avgrensa til nordsida av RV 15, frå Tora elv i aust til Geirangerkrysset i vest. Det aktuelle treningsområdet med lirypeterreng er ca. 35-40 000 da stort (men grensa er trekt inn til fylkesgrensa, så det totale arealet er mykje større). NB! Grunna freding for jakt vil treningsfeltet gjelde heile Skjåk Almenning 2023/2024.

Ver merksam på at det er husdyr på fjellbeite vanlegvis til siste halvdel av september. Hundeeigar er ansvarleg for eventuelle skadar som hunden måtte påføre. 

Det pågår storviltjakt etter både villrein, hjort og elg i Skjåk Almenning i løpet av hausten som skal ha eit fortrinn i framfor hundetrening. Vis omsyn og ver venleg å trekk unna område med aktiv jakt og i området med mykje villrein. Det er plass til alle, så ta kontakt med oss dersom du treng tips til treningsområde eller kontaktinformasjon til jaktleiarar. Sjølv etter jakta ynskjer vi at trening ikkje kjem i konflikt med villrein. Trekk i så fall godt unna i situasjonar der ein møter på villrein. 

 

Treningstider – haust

Frå og med 21. august til og med 9. september.
I tillegg blir det opna for trening i perioden frå og med 10. oktober til og med 31. desember.

For 2023/2024 gjeld heile perioden 21.august - 31.desember grunna jaktfreding.

Treningstider vinter

Frå og med 1. januar til og med 31. mars. 
 


Ta omsyn til beitedyr i området

Dette området har vanlegvis ikkje villrein, men det blir sleppt sau på Billingen, samt storfe og geit ved Nysætre. Vis derfor omsyn til beitedyr om du løyser treningskort på hausten. Hundeeigar er ansvarleg og erstatningspliktig for eventuelle skader som hunden måtte påføre husdyr sjølv om dei har kjøpt treningskort.
I vinterperioden, ut februar månad kan det vere jegerar i området. Ta omsyn til jegerar slik at treninga blir til minst mogleg ulempe ved utøving av jakt. 
  
Eit treningskort gjeld for inntil 2 hundar. 
 
Dersom det er låg rypebestand år om anna, kan ein tilby treningskort for fuglehund i heile jaktområdet til Skjåk Almenning også utanom dei gjeve datoane - som eit alternativ til jakt med hund.