Harejakt med hund

drever.jpg

Drøymer du om å høyre harelosen kling i skogen utan å måtte bekymre deg for ulv? Då har vi plass til deg og hunden i Skjåk! Her er det fritt for ulv, med unntak av streifdyr som er innom år om anna. I Skjåk er det ikkje att mange harejegerar, så vi har plass til fleire i jaktterrenget vårt!

Harejakt med hund startar frå og med 10. oktober og varar ut februar. Det er liten etterspurnad etter kort, derfor er det ingen avgrensing i tilbodet. Jaktkortet gjeld heile Skjåk Almenning og jaktkortet gjev rett til å felle hare, samt smårovvilt. Merk at innmarka er privateigd og ikkje omfatta av jaktområdet.

Det er varierande bestand av hare i heile området, men beste utgangspunkt for harejakt med hund er heile området sør og vest for Otta elv frå Grotli til Slirstrond, Framrustdalen, Bråtååsen og Bråtå, samt området Sota-Mysubytta. I desse områda slepp ein også unna trafikken på riksveg 15.

Det blir jakta på storvilt (elg, hjort og rådyr) også - og vi oppmodar til kontakt med storviltjegerane slik at alle kan jakte i same område utan å øydelegge for kvarandre.

Vi har fleire utleigehytter som er aktuelle som utgangspunkt for harejakt. Dei mest aktuelle utleigehyttene våre i samband med harejakt er Liabu ved Liavatnet og hytta ved Heggebottvatnet.

Jaktregler

Alle som deltek i jakt med hund må løyse jaktkort for jakt med hund (ikkje berre hundeførar). Jaktkortet gjeld jakt på hare og smårovvilt med «løs på drevet halsende hund» i tidsrommet 10. oktober - ut februar månad, med unntak av generell heilagdagsfreding.

Hundeeigar er ansvarleg og erstatningspliktig for eventuelle skader som hunden måtte påføre husdyr på innmark og utmark.