Raudalsbu

Ligg svært usjenert til i vestre enden av Raudalsvatnet, like inntil Breheimen nasjonalpark. Raudalsvatnet er den største innsjøen i Skjåk. Godt utgangspunkt for fiske, rypejakt og turar innover i Breheimen nasjonalpark. Fleire alternative ruter.

Til Raudalsbu - kortaste alternativ

Køyr av Rv.15 ved Pollfoss, og fylg skilting mot Framruste. Etter 3 km ser du inngangen til Framruste kraftverk, ta til høgre. Etter nye 3 km tek du av vegen til høgre og du kjem fram til brua over til Framrustsetra. Parker ved brua. Deretter fylgjer du merka stig mot Raudberget. Stigen fortset fram til hytta som ligg på ein liten odde i vestre enden av vatnet. Det er delvis dårleg stig.

Alternative sommarruter til Raudalsbu:

  1. Bruk av båt med motor langs Raudalsvatnet. Du kan leige båt hjå Skjåk Almenning, men vi anbefalar ikkje dette dersom du ikkje er godt båtvant frå før. Kontakt oss for meir informasjon.

  2. Følg DNT-stigen frå Grotli til Skridulaupbu. Raudalsbu ligg tett ved Skridulaupbu. Dette er ein krevjande tur.

  3. Du kan gå frå Mysubytta, via Slæom og ned til Raudalen. Dette er også ein svært krevjande tur.

  4. Gå langs den gamle vegen/stigen mellom aust og vest. Start ved Sunndalssetra i Oppstryn, gå over Kamperhamrane og vidare nedover Raudalen. Også ein lang og krevjande tur.

Kart og GPS koordinatar; UTM32 Euref89: Nord 6864943 Øst 432062. M711-serien kartblad 1418 I Skridulaupen og 1518 IV Pollfoss.

Om området

Turen inn hit kan gjerast lang og krevjande, eller ein kan leige båt - uansett får du villmarksfølelsen her inne! Området kan vere utsett for snøras, så vi anbefalar ikkje ferdsel vinterstid med mindre ein har erfaring med å vurdere rasutsette vinterfjell.

Fisking
Fisk i Raudalsvatnet. Elva vest for Raudalsvatnet er bra for sportsfiske, men fisken er ikkje av dei største. Det kan vere lurt å prøve utløpsosane langs vatnet, der dei større elvene kjem ned. Fint område for elvefiske vest for Yste Leirvatnet. 

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 12 km.
Stigning: Ca. 250 høgdemeter.
Tidsbruk: 5–6,5 t. Eventuelt ca. 40–50 min med båt.
Senger og utstyr til: 4–5 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 21 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i Raudalsvatnet like ved hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.