Grønvassbu

Grønvassbue ligg nordvest i Skjåk Almenning, ved Grønvatnet i eit svært stille og fredeleg område i Tafjordfjella. Hytta er eit fint utgangspunkt om du vil bestige Torsnose. Om lag 4–6 t gange frå bilveg. 

ALTERNATIV 1

Grønvassbu frå Hamseviken/Grotli: Lengde 12,1 km, stigning 372 meter, tidsbruk 4-6 timar.
Køyr Rv 15 4,3 km vest for Grotli, ta av ved rasteplass til høgre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord, og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Fylg DNT -rute 3,9 km mot Danskehytta til stigkryss med rute frå Grotli. Gå mot søraustre enden av Viksvatnet, gjennom Skrådalen og Vulustrupen fram til Grønvassbu. Det er grov ur langs Viksvatnet som kan vere utfordrande i vått vær. Ein må ta med seg kart og kompass/GPS.

ALTERNATIV 2

Grønvassbu frå Øyberg seter: Lengde ca. 14 km, stigning 470 meter, tidsbruk: 5-6 timar. Alternativt kan ein gå frå Stuttgongen ved Øyberg Seter på austsida av elva Vulu – og vidare innover Vuludalen og opp siste kneiken til Grønvatnet. Det er stig innover, men denne er ikkje merka og kan vere borte enkelte plassar. Dette er ein litt lengre tur, men det er ikkje stein og ur, og flotte fiskeplassar innover Vuludalen.

GPS koordinatar, UTM Euref 89; Nord: 6886295 Aust: 429651. Eventuelt M711-serien 1819 III Tafjord.

Om området

Fisking
Båt, motor og garn til utleige. Fin kvalitet på fisken i Grønvatnet, men dette er regulert og kan i enkelte tilfeller gjere det vanskeleg å få båten utpå. Vuludalen på tur innover til Grønvatnet er flott område for sportsfiske. Også fleire bra fiskevatn i 1,5–2 km avstand frå hytta.

Tur
Grønvassbue er flott utgangspunkt for toppturar til Torsnose (1975 moh), både sommar og vinter. Det er mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte gjennom Skjåk frå vest til aust. Grønvatnet ligg midt i Tafjordfjella, og er såleis ei alternativ for dei som vil dele opp den lange etappen frå Danskehytta til Veltdalshytta. 

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 13 km.
Avstand frå veg vinter: 13 km.
Senger og utstyr til: 5 personer.
Antall rom: 1.
Areal: 20 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i Grønvatnet.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.