Grønstorrbu

Grønstorrbu ligg 1120 moh ved elva Tundra i Breheimen nasjonalpark. Ca 2-3 t lett gåtur frå bilveg (sommar). Eit av våre beste område for fjellfiske, og eit flott utgangspunkt for toppturar.

Grønstorrbu sommar

Ta av Rv.15 aust for Coop Bruvoll ved Dønfoss – skilt mot Tundradalen. Betalingsbom. Køyr 9,3 km til Tundradalssætra og parker her. Gå brua over elva Tundre. Umerka, men tydelig stig innover dalen på nordsida av elva fram til hytta. Lettgått stig og lite stigning, ca. 2-3 timar.

Grønstorrbu vinter

Om vinteren er det ikkje brøyta lengre innover enn til Heggerusten/Krossen og ein må gå på ski. Fyrst etter ubrøyta bilveg, deretter i terrenget fram til hytta. Lengde 18 km, 660 høgdemeter stigning. Tidsbruk avhengig av føre. Alternativ rute frå Sota Sæter. Ca 10 km og 750 høgdemeter stigning. Spør oss gjerne om føre og tips før du reiser innover på vinterstid.

GPS koordinatar; UTM32 Euref89:Nord 6852979 Aust 441057. Kart M711-serien 1518IV Pollfoss

Om området

Ein tur som passar for dei fleste, då det er lett å gå og liten stigning sommarstid. Umerka, men tydeleg stig. Fisking Tundradalen er eit av dei beste områda våre for fjellfiske. Elva har sitt utspring frå fleire isbrear innover. Aure er einaste fiskeart i elva. Det er mogleg å fiske med all slags reiskap, også fluge.

Grønstorrbu er eit godt utgangspunkt for toppturar, særleg vinterstid.

Vinterstid er området full av flotte toppturmoglegheiter med fin nedkøyring - også på fjellski. Vi nemner mellom anna Hestdalshøgde 2091 moh,  Gjelhøe 1982 moh, Ytre Gjelhøe 1943 moh, Austre Holåtinden 2043 moh, Midtre Holåtinden 2047 moh og Vestre Holåtinden 2039 moh - som dei mest aktuelle.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 8,3 km.
Avstand frå veg vinter: 18 km.
Stigning: 216 høgdemeter (sommar).
Senger og utstyr til: 4 personer.
Antall rom: 1 + gang.
Areal: 21 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei. Stearinljos.
Toalett: Utedo.
Vatn: Hentas i elva like ved hytta.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.