Utmarkskompetanse

I Skjåk Almenning sitt kontorlokale i Bismo har vi samla eit unikt kompetansemiljø innan utmarksforvaltning og naturbruk.

I tillegg til våre eigne tilsette har vi Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog, Norsk Almenningsforbund, og Nasjonalparkforvaltar for Breheimen under same tak, samt Skjåk Trelast og Byggern Skjåk like ved oss.

 
logo_farger.png

Skjåk Almenning

Verksemda har fem faste tilsette, der fire har kontorplass i administrasjonsbygget. Vi arbeider med å forvalte utmarksressursane i Skjåk Almenning - til beste for eigarane, brukberettiga, bygdafolket og tilreisande. Særleg om sommaren og hausten har vi mykje folk innom og førespurnader i forbindelse med jakt, fiske og utleige av hytter.  Vi sel tenestar til SNO, og framover ynskjer vi også å ta på oss andre eksterne oppdrag innan vilt- og fiskeforvaltning som til dømes beitetaksering og prøvefiske. 

Tlf 61 21 39 00 · firmapost@skjak-almenning.no

 
NN_logo_Breheimen_nasjonalpark.png

Breheimen nasjonalpark, Mysubytta LVO og Strynefjellet LVO

Bjørn Dalen er nasjonalparkforvaltar og sekretær for Nasjonalparkstyret. Bjørn driv med saksførebuingar til styret, utarbeiding og oppfølging av forvaltningsplan, informasjonsmateriell, oppfylging av verneformål og verneforskrifter - og kan gje svar på spørsmål knytt til bruk og vern innanfor Breheimen nasjonalpark.

Tlf 977 37 221· FMOPBDA@fylkesmannen.no

Heimesida til Breheimen Nasjonalpark

 
sno.png

Statens naturoppsyn, Breheimen nasjonalpark

Øyvind Angard er tilsett i SNO, avdeling Nasjonalparkseksjon nord. Hovudoppgåvene til Øyvind er å gjennomføre naturoppsyn i Breheimen nasjonalpark og tilliggjande verneområde i medhald av gjeldane lovverk. I tillegg arbeider han med fysiske tilretteleggings-, skjøtsels- og informasjonstiltak, samt registrering innanfor verneområdet.

Tlf 917 33 213 · oyvind.angard@miljodir.no 

Heimesida til Statens Naturoppsyn

 
sno.png

Statens naturoppsyn, Reinheimen nasjonalpark

Per Olav Haugen er tilsett i SNO, avdeling Nasjonalparkseksjon nord. Hovudoppgåvene til Per Olav er å gjennomføre naturoppsyn i Reinheimen nasjonalpark og tilliggjande verneområde i medhald av gjeldane lovverk. I tillegg arbeider han med fysiske tilretteleggings-, skjøtsels-, og informasjonstiltak, samt registrering innanfor verneområdet. 

Tlf 970 57 213 · per.olav.haugen@miljodir.no 

Heimsida til Statens Naturoppsyn

 
mjosenskog.png

Mjøsen Skog SA

Ola Løkken er skogbruksleiar i Mjøsen Skog SA. Ola er skogbruksleiar i området Sel, Heidal og Ottadalen. Skogbruksleiaren kan bl.a. hjelpe deg med tømmerdrift og skogkulturtiltak, samt skogfagleg råd og vegleiing. I tillegg har han sekretærfunksjon for Skjåk Utmarskråd og er med i fallviltgruppa for Skjåk kommune.

Tlf 971 94 015 · ol@mjosen.no

Tor Gaute Jøingsli er skogbruksplanleggar i Mjøsen Skog, seksjon skogforvaltning/Allma. Skjåk sin storskyttar med fleire år på kongelaget!

Tlf 971 25 768 · 

Heimesida til Mjøsen Skog

 
nalf.png

Norsk Almenningsforbund

Sæbjørn Forberg er sekretær for Norsk Almeningsforbund. NALF er ei samansluttning av 40 bygdealmenningar i Norge, og sekretæren arbeider for deira interesser i skogbruk- og utmarksrelaterte saker.  

Tlf 901 50 082 · forberg@nalf.no

Heimsida til Norsk Almenningsforbund