Skogbruk

Føresetnadane og driftsformer for skog og trelast har endra seg mykje gjennom tida, men skogen er framleis ein viktig ressurs for Skjåk Almenning. No som før, er vi opptekne av kvalitet, og gjennom aktiv skogskjøtsel som planting, ungskogpleie og tynning, er målet å få fram tømmer og trelast av beste kvalitet

Det er furua som er det dominerande treslaget i Skjåk, og vil du oppleva urskogprega furuskog har vi to naturreservat, Honnsrøve og Einstullie, som begge er oppretta for å ta vare på gamal grov furuskog og sjeldne artar knytt til dette økosystemet. I resten av skogane våre vert det drive eit aktivt skogbruk.

Skjåk Almenning har tradisjonelt vore kjend for grovt tømmer og unike trelastprodukt, og hogstkvantumet ligg på rundt 10 000 m³ i eit normalt år.