REAL-turmat frå drytech!
Skal du på villreinjakt, fjelltur eller berre treng noko enkelt og godt i sekken? I administrasjonsbygget har vi eit stort utval av turmat – og til svært gode prisar.
Vi har noko for både korte og lange turar, med eit breitt utval av middagar, supper og müsli. Maten er enkel å lage til, veg lite i sekken og passar perfekt når du vil ha eit varmt og godt måltid ute på tur.
No som villreinjakta er i gang, er det ei god anledning til å fylle opp sekken før turen går til fjells. Turmaten passar sjølvsagt like godt til andre fjellturar, overnattingsturar eller som eit enkelt måltid på hytta.
Vi har lagt oss på eit gunstig prisnivå. Stikk innom kontoret vårt på Bismo og sjå utvalet!