Beverjakt i Skjåk Almenning

Beverjakt i Skjåk Almenning

For inneverande jaktsesong, har Skjåk Almenning fått tildelt fellingskvote på bever.

Skjåk Almenning ynskjer primært å lyse ut jakt på individ som utgjer skade, og fare for skade, på infrastruktur og landbruksareal.

Jaktbart område kjem til å bli konsentrert og avgrensa til problemområde. Jeger får tildelt jaktområde i etterkant av korttildeling.

I denne samanheng, lyser Skjåk Almenning ut inntil 3 stk. jaktkort i jakttidsramma 1.oktober 2026 – 30.april 2027. 

Jegerar som ynskjer å vere med i trekking av jaktkort, kan sende søknad til firmapost@skjak-almenning.

For haustjakta blir det satt kort frist da vi har eit aktuelt skadeobjekt. Søknadsfrist for dette løyvet blir satt til 21.oktober 2026.

 

Krav til søkjar og søknad:

  • Søknad: Oppgjev namn, adresse, telefonnummer saman med ei setning om at du søkjer om beverjakt for sesongen 2026/2027.

  • Gjeld for innanbygds i Skjåk kommune.

  • Jegeravgift: Du må ha betalt den statlege jegeravgiften for det aktuelle jaktåret.

  • Alder: Aldersgrensa for å utøve jakt på småvilt/bever er 16 år.

Birgit Bilstad