Sjå vår splitter nye hytte ved Glittervatnet!

Vi har no ferdigstilt ei heilt ny hytte ved vakre Glittervatnet. Den gamle hytta som stod litt høgare oppe er no erstatta med ei ny, solid fjellhytte, nye Glitterbu! – plassert nærare vatnet med nydeleg utsikt og enkel tilgang til både vatnet og naustet som høyrer til. Plasseringa er også justert med omsyn til eit viktig villreintrekk i området, slik at vi tek vare på både natur og dyreliv i dette ommrådet.

Hytta har same standard som dei andre fjellhyttene våre – utan straum, men med gass til matlaging, vedomn for oppvarming, og utedo like ved. Her får du det enkelt, men godt – akkurat slik ein fjelltur skal vere.

Alt treverk og byggemateriale kjem frå Skjåk Trelast, vårt eige sagbruk – kortreist og robust materiale, perfekt tilpassa klimaet i høgfjellet.

Ved vatnet ligg eit naust med robåt som du fritt kan bruke under opphaldet. Enten du vil ro ut for å fiske, eller berre nyte stillheita midt i fjellheimen.

Hytta blei ferdigstilt sommaren 2025 og klar til bruk. Du kan booke opphaldet via inatur.no, eller ta direkte kontakt med oss i Skjåk Almenning om du har spørsmål eller ønskjer å reservere dato. Den gamle hytta vil bli rive i løpet av året 2026, slik at området kan førast tilbake til naturleg terreng.