Status på snø/isforhold og fiskemoglegheiter i Skjåkfjella per 20. juni 2025
Som i resten av Sør-Norge var april og fyrste halvdel av mai varm, og gjorde at både snø og is forsvann i rekordtempo også i Skjåk.
Så har det nesten “stått roleg” sidan 17. mai - og difor er det framleis mange vatn som ikkje er isfrie.
Nå er det straks sommarferie for mange, og vi har difor gjort opp status for snø- og isforhold i Skjåkfjella ut frå det vi veit per 20. juni;
I området Leirungsvatnet - Aursjofjellet er det nok greitt å gå, men vatna innanfor Aursjoen er mest sannynleg ikkje isfrie endå. Skal ein fiske, bør ein difor satse på vatna sør for Aursjoen. Ved Lortjønnen og området vest for Aursjoen ligg det att ein del snø, og vatna er ikkje isfrie endå.
Området Glittervatnet / Åfottjønnen / Gml. Strynfjellsvegen; Glittervatnet er så godt som isfritt, men vatna høgare er nok ikkje isfrie endå.
Raudalsvatnet er isfritt.
Området frå Liavatnet og innover til Mysubyttvatnet er det isfritt.
I området mellom Liavatnet og Tundradalen ligg det att ein del snø, mellom anna Sottjønnen er ikkje isfrie endå - men det er fint farbart i Tundradalen. Hengebrua ved Grønstorrbu er pålagt og klar for bruk. Lundadalsvatnet er også isfritt.
Området Skarvedalen - Torsvatnet - Storvatnet; Her ligg det att mykje is og snø, og det tek nok si tid før det blir isfritt og fiskbart innover der.
Området Torsvatnet, Veltdalen, Vuludalen / Grønvatnet og vestover; Det ligg att delvis mykje is på vatna, og ein del snø i både Veltdalen og Vuludalen. Grønvatnet er heller ikkje isfritt.
Vi har ikkje rapport frå Hamsedalen og innover mot Kvitberg / Vien - men reknar med at det er greitt farbart og at fleire vatn der er isfrie. Kolbeinsvatnet er ikkje isfritt, men det ser ut til at isen har løsna frå land.