Rypetaksering og jakt 2025/2026
Takseringsgruppa har utført den årlege takseringa av rypebestanden i Skjåk Almenning. Vi har bearbeidd resultatet som viser kyllingproduksjon om lag som i fjor på 0,93 pr. par og 2,1 fuglar pr. km.
I jaktsamanheng skal ein som vi alle kjenner til, ha eit haustbart overskot av arten før ein opnar for jakt. Låg reproduksjon gjev høgare risiko for at jakt vil redusere delen av stamdyr.
For rypebestanden sin del, er kyllingproduksjon ein viktig indikator for å definere det haustbare overskotet. Produksjon under 2,5 kyllingar pr. par blir gjerne definert som raud (ikkje haustbart overskot).
Vi hadde eit håp om at smågnagarane skulle overleve vinteren, men dei ser ut til å vere fråverande i stor grad - noko som nok har medført at predasjonstrykket på egg og kyllingar har vore høgt.
For Skjåk Almenning sin del er dessverre situasjonen slik i år også at ein meinar at det ikkje er forsvarleg å opne for jakt. Sjølv om det gledeleg nok er eit og anna bra kull også i år i nokre område.
Med bakgrunn i denne uheldige bestandssituasjonen, har vi vedtatt å frede rypa for jakt i jaktsesongen 2025/2026.
For dei som ynskjer å trene fuglehund er det opna for å løyse kort i treningsfelt fram til 15. september, og etter det blir det opna for trening i heile almenninga. Tilbod om dette finn dykk på Inatur.