Elg og hjortejakt 2019 oppsummert
Elg- og hjortejakta for 2019 i Skjåk Almenning er avslutta.✅
I alt har det vore ei meget fin jakt dette året og jaktlaga har lagt ned ein stor innsats med auka uttak. Det vart felt 93 elgar av ei kvote på 85 (overskytande dyr er felling av skrapdyr). Det vart felt 43 hjortar av ei kvote på 70 dyr. Til saman utgjer dette ca 14,4 tonn med viltkjøt! 🦌
Ledige fellingsløyver på hjort blir fløtt over til Skjåk Utmarksråd. I utmarksrådet held hjortejakta fram til jul, og det er felt 37 elgar og 86 hjortar der.
Biletet viser ein prektig okse frå jaktlaget i Honsrøve. Denne oksen på 260 kg vart det tyngste dyret i Skjåk Almenning denne hausten. Den tyngste hjortbukken vog 140 kg.