Hyttetomter på Liavatnet

Drøymer du om storslegne naturopplevingar i Breheimen Nasjonalpark, 2000 meter toppar med avgang rett frå hytta - eller berre ro og avkopling? Her er det garantert køfritt på topptur, ved fiskevatna og i skiløypene. Området rundt Liavatnet er rett og slett ei perle som få kjenner til. Mange Skjåkværar har dette som sitt favorittområde på grunn av omgjevnadane og garantien for snø og skiføre om vinteren.

Talet på hyttetomter er avgrensa, og det er lite aktuelt med større utbyggingar med Breheimen Nasjonalpark og villreinens rike berre eit godt steinkast unna. Tomtene ligg spreidd i glissen furu- og bjørkeskog, i vesthelling ned mot Liavatnet, 750 moh. Det er lunt i skogen rundt hyttefeltet, men høgfjellet lokkar like ved! Vi bistår deg i prosessen med å skaffe arbeidskraft til byggeprosessen!

Tomtene

Tomteskilt_Liavatnet_0221.jpg
  • Ved Liavatnet er det punktfeste der det er tillatt med ei bygningsmessig eining.

  • Tillate bruksareal er 125 kvadratmeter pluss terrasse på inntil 20 kvadratmeter.

  • Bilveg fram til hytta med eiga parkering.

  • Det er tilrettelagt for straum i hyttefeltet.

  • Hyttefeltet er utbygd med felles vasspost.

  • Det kan nyttas biologisk toalett eller elektrisk forbrenningstoalett som må godkjennas av kommunen.

  • Tomtepris frå kr 130 000, og årleg festeavgift frå kr 4200.

BISTAND I PROSESSEN

I Skjåk kommune får du tilgang til dyktige lokale entreprenørfirma enten du skal grave, leggje røyr eller snikkere. Dette gjer prosessen frå a-å enklare og raskare for deg som hyttebyggjar. I tillegg har Skjåk kommune blant landets raskaste saksbehandlingstid på byggjesaker!

Vi bistår deg meir enn gjerne i prosessen med å kome i kontakt med dei riktige personane.

 

Finn vegen til liavatnet

Hyttefeltet ligg om lag 22 km frå Dønfoss, der ein tek av Rv 15 og fylgjer skilting mot Bråtå og Sota Sæter. Betalingsbomveg frå Bråtå. Vegen er vinterbrøyta fram til Sota Sæter. Sota Sæter er ei betjent DNT hytte som ligg ved inngangen til Breheimen Nasjonalpark. Turisthytta har ope store delar av året. Dei servar middag i særklasse basert på lokalmat og det flotte tunet er vel verdt eit besøk! På Sota sæter skjer det også ulike arrangement gjennom heile året, som til dømes villmarksmesse, konsertar og arrangerte turar.

 

Hytteforeininga for Liavatnet, Lidar vel, har eigen heimeside med webkamera.

 

Aktivitetar

I Breheimen kan du finne din eigen draumetopp, over eller under 2000 meter. Tverrådalskyrkja og dei tre Holåtindane er dei mest kjente over 2000 meter. Frå toppen kan ein svinge seg nedover den grove furuskogen heilt fram til hytta. For dei som vil gå på langrennsski er det oppkøyrde løyper innover mot Mysubytta og Syrtbyttdalen. Drøymer du om kvite vidder utan skispor er det ikkje vanskeleg å finne det heller - men kanskje ser du spor etter både jerv og villrein. Oppdatert informasjon om oppkøyrde skiløyper finn du på facebooksida til Skjåk Turløyper. 

Om sommaren er det uendeleg mange merka turstigar – ein kan vandre DNT stignettet til Sognefjellet, Nørdstedalseter, Jostedalen eller til Hjelledalen i Stryn om ein ynskjer det. Det er merka mange lokale stigar til fjells også, utanom DNT sitt stignett. Det er sjølvsagt også mange heilt urørte område som ein kan utforske på eiga hand med kart og GPS. For dei som likar å fiske er det sett ut ørret i nesten alle vatn i Skjåk, og sjansen er stor for å få eit vatn med fjellørret heilt for seg sjølv om ein tek fisketuren til fjells. Alle har like rettar til å fiske med garn i Skjåk, om ein er innanbygds eller utanbygds - så alle kan sikre seg ein ørretmiddag.

Les meir hjå Outtt.com.

 
 
 
Tomteskilt_Liavatnet_0221.jpg