Elgjakt og hjortejakt i Skjåk

 Foto: Leif Skiakers jaktlag

Foto: Leif Skiakers jaktlag

Skjåk har flotte terreng for storviltjakt – og er du heldig kan du oppleve å få sjå alle fire hjorteviltartane vi har i Norge - på ein og same tur! Skjåk er rett og slett eit paradis for ein storviltjeger.

Hjortejakta startar vanlegvis frå 10. september og varar til 15. november, men med årlege tilpassingar innanfor jakttidsramma. Elgjakta startar frå og med 25. september, og varar til 15. november.

Skjåk kommune består av 2 storviltvald, der det eine er Skjåk Almenning. Skjåk Almenning har ca. 217 000 daa. teljande areal, og årlege kvoter ligg på om lag 45-55 elg og 40-50 hjort. Fellingsprosenten ligg på 80-90 % på hjort og 90-100 % på elg kvart år!

Jaktterrenget er delt inn i 8 jaktfelt, og desse varierer både i storleik og topografi, frå 22 000 da, til 32 000 da teljande areal.

Jakta gjeng føre seg frå lågareliggande furuskog på ca. 450 moh. til høgareliggande fjellbjørkeskog og snaufjell på over 1000 moh. Nokre av jaktfelta ligg delvis innanfor verneområda i Breheimen og Reinheimen.

Dei fleste jaktfelta egnar seg godt både for laushundjakt, jakt med drivande hundar og/eller posteringsjakt. Vi har ulvefrie jaktterreng, med unntak av eit og anna streifdyr som kjem innom.

Ingen av jaktterrenga er spesielt bratte og ulendte, og ein kjem stort sett fram over alt – til fots vel og merke. Uttransport av dyr føregjeng både med hest (med fire bein), jernhest, ATV med hjul og belte, og ein del brukar «canadapulk» og vinsj.

Årleg blir det felt elgoksar i ypparste klasse både når det gjeld vekt og gevir. Hjorten er også blitt ein viktig del av jaktressursen, og nesten kvart år blir det felt hjortebukkar med gullgevir i Skjåk.

Elg- og hjortejakta blir sett bort på 3-årige kontraktar, med ny periode frå hausten 2018. 

Informasjon om feltinndeling, kvoter, føresegner, søknadsskjema m.m blir utlevert på førespurnad.  

Søknad må vere Skjåk Almenning i hende seinast 7. juni 2018. Ta kontakt med oss for meir informasjon.