Rådyrjakt

Det er berre innanbygdsbuande som har høve til å søkje om rådyrjakt i Skjåk Almenning. Bukkejakta startar 10. august og varar til og med 23. september. Ordinær rådyrjakt startar 25. september. 

Pris på rådyrkort er kr 900,-.

Jakta er delt inn i tre felt innafor Skjåk Almenning:

  • Nord (nord for Otta elv)

  • Midt (mellom Otta elv og Ostre - Liavatnet- Syrtbytta)

  • Sør (sør for Otta elv - Ostre - Liavatnet - Syrtbytta)

Vanlegvis er det flest søkjarar på sør og nord - og færrast på midtområdet. For ei betre fordeling av jegerar må ein pårekne at ein blir tildelt jakt på anna område enn ein har søkt.

OBS! Åmodtsøye inngår ikkje i noko jaktfelt.

Kart over jaktfelta kan du laste ned her. Merk at for å felle rådyr på innmark treng ein kvar enkelt grunneigar sitt løyve på førehand!

Vi oppmodar alle jegerane til å unngå jakt nær busetnad og i dei mest brukte turområda, vis omsyn og tenk tryggleik!

søknad og utlevering av jaktkort

Frå og med 2022 vil søknad og dokumentflyt bli elektronisk etter same system som reinsjakta;

1. Send inn søknad elektronisk innan søknadsfristen som er 1. juni.

2. Dei som får tildelt jakt får tilsendt kontrakt med varsel via e-post/sms

3. Signer kontrakt innan fristen. Dersom fristen ikkje vert halde, mistar ein tilbodet om rådyrjakt.

4. Faktura blir sendt per e-post. Dersom kortet ikkje er betalt innan fristen må ein pårekne at tilbodet om jakt fell burt.

5. Send inn kvittering for betalt jegeravgift og eventuell oppskyting, samt dokumentasjon på ettersøkshund / avtale elektronisk.

Jaktkortet kan hentast ut på Skjåk Almenning når alt er i orden.

TIL Søknadskjema

Søknadsfristen er 1. juni 2023!