Jaktkurs på villrein

Jeger med kalv.jpg

Har du lyst til å prøve villreinjakt i Breheimen saman med lokalkjente instruktørar? Vi arrangerer praktiske jaktkurs for dei som vil lære meir om villrein og reinsjakt. Kurset rettar seg mot dei som har jegerprøve og storviltprøve, er over 16 år – og har lite eller ingen erfaring med villreinjakt frå før.

Kurset går over 3-4 dagar i månadskifte august/september, og jakta gjeng stort sett føre seg med 2:1 eller 3:1 instruktør/jaktkort.

Hovudfokus er human og sikker jaktutøving, attkjenning av ulike kategoriar dyr, pakking av utstyr, praktisk jaktutøving, samt slakting og partering av dyr. Vi arrangerer kurset i samarbeid med Oppland Jeger og fiskeforening, Statens Naturoppsyn og Sota Sæter.

Ta kontakt med oss for pris og meir informasjon. Tilboda blir også lagt ut på www.inatur.no.