Legerhytta

Legerhytta ligg 930 moh like ved rv. 15, fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn. Fin familiehytte med to soverom. 30 min køyring frå Geiranger og 50 min frå Stryn.

Til Legerhytta

Frå aust: Køyr Rv15 10,1 km forbi Grotli, ta grusvegen til høyre og køyr 200 m opp på gamle Geirangervegen. Køyr gamle Geirangervegen 500 m til venstre og parker ved Legerhytta.

Frå vest: Køyr ca 3,1 km forbi krysset mellom Stryn (Rv 15) og Geiranger (Fv 63) vidare på Rv 15 og ta til venstre opp på gamle Geirangervegen.

Om vinteren blir det brøytt parkering ved rv.15, ta kontakt med oss i forkant. Elles parkering lenger vest, da blir det lengre å gå. Legerhytta fekk ei oppgradering i 2014, med nyslipt golv og nye møbler. To soverom med plass til 8 personar totalt.

Om området

Lett tilgjengeleg via RV 15, og kort avstand til attraksjonar i nærleiken, som Geiranger, Stryn, Gamle Strynfjellsvegen, Stryn sommarski og Lom.

Fleire fiske og turmoglegheiter med Legerhytta som utgangspunkt. Skjåk Almenning har båt til utlån ved Legervatna. Flott område for skiturar på ettervinter og vår med utgangspunkt frå Legerhytta.

I Breidalen og området rundt er det mange merka turstigar, få med deg hefte «På tur i Skjåk» og «Kulturminnetur i Skjåk» med kart og turskildringar, eller last ned appen Outtt.com og søk på Skjåk.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 0 km.
Avstand frå veg vinter: 0,3/2 km.
Senger og utstyr til: 8 personer.
Rom: Stove, kjøkken, to soverom og gang.
Areal: 40 m2.
Oppvarming: Vedomn.
Elektrisitet: Nei.
Toalett: Utedo i anneks.
Vatn: Kran på utsida om sommaren, smelte snø om vinteren.
Kokemoglegheiter: 3-bluss gassbrenner.
Kjøleskåp: Nei.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.