Heggeåsagje

Hytta ligg ved Heggebottvatnet i Billingsdalen, langs RV 15. Fin utsikt over vatn og fjell. Innlagt vatn og straum med WC og dusj. Fiskemoglegheiter like ved hytta, båt til utleige. Skianlegg i Botn med ljosløype 6 km frå hytta. 

Til Heggeåsagje

Hytta ligg ved Heggebottvatnet i Skjåk, like ved Rv 15 på øvre side av vegen. Avkøyringa er 5,2 km vest for Dønfoss, felles avkøyring mot eit lite hyttefelt.

Om området

Lett tilgjengeleg med bilveg heilt fram både sommar og vinter. Flott utsikt frå verandaen over Heggebottvatnet, og mot Breheimen nasjonalpark. God solgang. Hytta ligg midt i Skjåk og er såleis eit bra utgangspunkt for den som har lyst til å utforske Skjåkfjell på dagsturar frå hytta – eventuelt ta ein times køyretur til Geiranger eller Lom.

Båt til utleige på Heggebottvatnet, hytteleigarar har fortrinnsrett til båten. 6 km vest frå hytta er det skianlegg i Botn med milevis av preparerte langrennsløyper, samt ei ljosløype. Du finn skianlegget i Botn ved å svinge av RV 15 like sør for Pollfoss Gjestehus. Skilta mot Framruste. Oppdatert løypeinfo på Skjåk Turløyper si Facebook-side.

OM HYTTA

Avstand frå veg sommar: 0 km.
Avstand frå veg vinter: 0 km.
Senger og utstyr til: 5 personer.
Rom: Gang/kjøkken, stove, ett soverom og bad med WC og dusj.
Areal: 35 m2.
Oppvarming: Vedomn og panelomn, varmekablar bad.
Elektrisitet: Ja.
Toalett og dusj: Ja.
Vatn: Innlagt, varmt og kaldt.
Kokemoglegheiter: Elektrisk komfyr.
Kjøleskåp: Ja.
Sengetøy: Ingen. Ta med sovepose.
Kjøkkenutstyr: Dekketøy og bestikk, kjelar og vaskeutstyr.