Hyttetomter i Billingen hyttegrend

Drøymer du om hytte på fjellet? Idylliske Billingen Hyttegrend i Skjåk har store hyttetomter i vakker natur, med nok plass på alle kantar til at du kan leve det gode hyttelivet sommar som vinter – haust som vår. Mykje snø og stabilt skiføre om vinteren. Lite regn og god temperatur om sommaren. Synest du dette høyrest fint ut? Da er ei hyttetomt på Billingen verkeleg noko for deg.

 

Lite regn om sommaren

Hyttetomtene i Billingen Hyttegrend ligg flott til i ei lun skogsli på fjellet i Skjåk, lengst vest i Gudbrandsdalen. Tomtene er sørvendt, og du har god solgang både sommar og vinter. Synest du at sommaren er finast når det regnar lite? I så fall er Billingen perfekt for deg som har planar om å byggje hytte på fjellet.

Skjåk er den staden i Norge som har minst regn, og området kring hyttetomtene ligg slik til at somrane er både varme og tørre.

Mykje snø om vinteren

Sjølv om Skjåk er nedbørsfattig, har Billingen Hyttegrend mykje snø om vinteren. Når snøen fyrst har kome, blir den gjerne liggjande ei stund også. Klimaet er stabilt, og du har gjerne godt skiføre frå tidleg vinter til sein vår. Perfekt for deg som er glad i ein god norsk vinter, og kan tenkje deg ei hytte på fjellet der du kan oppleve det beste kvar årstid har å by på.

 

Store naturopplevingar

På Billingen er du aldri meir enn eit par, små steg unna dei store naturopplevingane. Med Reinheimen Nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark som næraste nabo, ligg hyttetomtene perfekt til for alle typar friluftsliv både for små og store hytteentusiastar. Les meir hjå Outtt.com.

Om vinteren har du milevis med skiløyper rett utanfor døra. Oppdatert løypeinfo finn du på Skjåk Turløyper si facebookside og på løyper.net.  

Alpinbakken ligg berre eit snaut kvarter unna hyttegrenda. Sommarstid kan du starte fjellturen med det same du går ut av hytta, og rusle inn over fjellet i vakker og kontrastfylt natur, med både slake vidder og kvasse tindar. Billingen er ein av innfallsportane til Tafjordfjella - og du kan vandre heile vegen frå hyttedøra på stignettet til DNT, over til Tafjord, Valldal eller Romsdalen!

Er du glad i å fiske? Med meir enn 200 fiskevatn og 250 km med fiskeførande elver å velje mellom i området, skulle det vera nok av stader der du kan prøve fiskelykka.

Området kring Billingen Hyttegrend er også eit eldorado for deg som er glad i å sykle. Nyt ein roleg langtur på ein av dei idylliske setervegane i området, eller kjenn på gleda ved å prøve stisykling der ingen andre har sykla før deg.

Hyttetomtene ligg langs heilårsvegen mellom Skjåk og Stryn. Stryn er berre ein liten times biltur unna. Kjem du frå Ålesund, er det 2,5 timar til grenda.

 

Fakta om hyttetomtene i Billingen Hyttegrend

  • Store hyttetomter på 1 000 – 2 200 m2.
  • Bruksareal for kvar hyttetomt på inntil 155 m2 bruksareal + terrasse.
  • Ingen eigedomsskatt.
  • Eiga parkering på hyttetomta di.
  • Straum, vinterbrøyting, offentleg vatn og avløpsanlegg.
  • Stutt avstand til sentralt aust- og vestland.
  • Tomtepris frå kr 390 000.
  • Vi samarbeider med Tinde hytter.
 
 

Ledige tomter

tomteskilt.png