Skjåk Almenning

 På topptur i Reinheimen. Foto: Kathrine Storeide/Anders Eriksen

På topptur i Reinheimen. Foto: Kathrine Storeide/Anders Eriksen

Skjåk Almenning ligg lengst vest i Oppland fylke, der austland møter vestland, i grensestroka mot Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Naturen er vakker og variert, med slake flyer i aust, og kvasse tindar og brear i vest. Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet, og somrane er vanlegvis tørre og varme - medan områda vestover er snøsikre vinterstid. 
 
Almenninga dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95 % av arealet i Skjåk kommune.
Det aller meste er høgfjellsområde. Arealet fordeler seg prosentvis om lag slik: 83 % fjell og vidde, 6 % brear, 5 % vatn og vassdrag, 6 % skog – av dette 93 000 dekar produktiv skog (furu). Det lågaste punktet, litt vest for Nordberg kyrkje, er 420 m.o.h., og den høgste fjelltoppen er Nørdre Hestbrepiggen på 2172 m.o.h.
 
I Skjåk har vi to store verneområde, Reinheimen nasjonalpark i nord, og Breheimen nasjonalpark i sør. I tillegg har vi to større naturreservat, Hondsrøve og Einstullie, som er oppretta for å ta vare på gamal urskogprega furuskog med spesielle artar knytt til dette økosystemet. Området vårt har tydelegvis vore forvalta godt, med høg verneverdi - sidan nær 80 % av arealet til Skjåk Almenning har fått vernestatus. Enten som landskapsvernområde, nasjonalpark eller naturreservat. Dette gje enkelte avgrensingar i bruk av området, men kan også skape moglegheiter innanfor næringsutvikling.  

 
tilsette.jpg

Tilsette i Skjåk Almenning

Her finn du oss.

skogbruk.png

Skogbruk

Skogen er ein viktig ressurs for Skjåk Almenning.

trelast.jpg

Trelast og byggevarer

Skjåk Trelast vidareforedlar skogen i Skjåk Almenning

Reinheimen utsikt Spongvatna teltutsikt.jpg

Utmarkskompetanse

Eit unikt kompetansemiljø innan utmarksforvaltning.

Seter billingen bruksrett.jpg

Bruksrett

Informasjon til dei som har bruksrett i Skjåk Almenning

Styret almenningsstyret 2018 red str.jpg

Almenningsstyret

Informasjon om styret i Skjåk Almenning