Årsmøte og stønad til Jotunheimen Privatistskule

Takk til alle bruksberettiga som møtte på dagens årsmøte til Skjåk Almenning! Årsmøtet behandla blant anna søknad om midlar til Jotunheimen Privatistskule som drøftingssak. Skjåk Almenning meiner denne saken er svært viktig for framtidige generasjonar i Skjåk og almenninga si verksemd.

Ein kan sjå for seg ei rekkje negative konsekvensar av eit manglande vidaregåande skuletilbod i Lom. Konsekvensane vil kunne få direkte inngripande også for verksemda til Skjåk Almenning og dei aktive jordbruksdrivande i Skjåk. Manglande skuletilbod vil utan tvil påverke attraktiviteten med å vere busett i kommunen. Dette vil sjølvsagt få store konsekvensar for rekruttering og ungdom som har tilhald i bygda. På sikt vil det også kunne ramme tilgangen til relevant arbeidskraft og kompetanse i Norddalen. For Skjåk Almenning sin del vil dette kunne påverke kundegrunnlaget i negativ forstand, samt tilgangen til relevant arbeidskraft og kompetanse for almenninga si verksemd. Busette i kommunen og nærliggande region er ein stor del av kundegrunnlaget til almenninga og dotterbedrifter.

Styret fatta derfor vedtak om å løyve 1,5 millionar kroner for å støtte oppretting og drift av skulen i Lom.

Birgit Bilstad