Føremelding for Skjåkfjella 2.juli

I Skjåk Almenning er det nå gode forhold for fiske på dei aller fleste vatn. Isen har gått også på store vatn som Leirungsvatnet, Torsvatnet, Lundadalsvatnet, Glittervatnet og Mysubyttvatnet. Så høgt som i Grjotådalen er det også isfritt. Sottjønnen er også isfrie.

Det ligg att noko is på vatna lengst nord i Reinheimen, dvs. i området Skarvedalen / Storvatnet /, men det er nok ikkje lenge før det er klart for fisking i heile Skjåk.

På heimesida vår finn du alt av informasjon om tips, båtutleige og utsalsplassar for fiskekort. https://www.skjak-almenning.no/fiske-i-skjak

Vi minner også om at dei som brukar båtmotor i verna område må hugse å sjekke om løyve er gyldig. Dette, og løyst fiskekort blir kontrollert i løpet av sommaren.

Elles er arbeidet med båtlandet på Aursjoen ferdig for i år som biletet viser.

Vi ynskjer nye og tidlegare fiskarar velkomne til fjells. Send oss gjerne fangstrapportar eller førespurnader på epost: firmapost@skjak-almenning.no.

204006608_1610630719145981_6866967392816414366_n.jpg
Birgit Bilstad