Bandtvang og omsyn til naturen

Både av omsyn til beitedyr og vilt ynskjer vi å minne alle hundeeigarar om at det er svært viktig å overhalde reglane om båndtvang.

Rypekyllingane er nyklekte, og er nå eit lett bytte for dei fleste. Sjølv med hunden i bånd vil du kunne oppleve å måtte gripe inn slik at ikkje hunden fell for freistinga med å forsyne seg.

Dyretragedier om sau som blir jaga og bitt av hundar les vi om kvart år - la det ikkje bli deg og hunden din!

Båndtvang betyr at sjølv dei snillaste og mest lydige hundane skal gå i bånd.

Les meir om hundeeigar sitt ansvar i hundelova;

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2003-07-04-74

Vi ynskjer alle to- og firbeinte god tur i Skjåk denne sommaren! :-)

207535302_1613898962152490_4626012431333858201_n.jpg
Birgit Bilstad