Føremelding og isforhold i Skjåkfjella sommer 2017

  Veltdalen, sommaren 2015.

 Veltdalen, sommaren 2015.

Dei fleste vatn i Breheimen og områda aust for Skarvedalen er nå isfrie, det er turt og fint å gå - der det ligg att snø er denne fast å gå på.

Områda vest for Veltdalen, dvs Vuludalen og Hamsedalen er også vatna isfrie og det er greitt å gå.

Området lengst nord i Skjåk, dvs Skarvedalen, Storvatnet og Torsvatnet ligg det att mykje snø - og det er ikkje isfritt per 18. juli. Vi håpar at det med betre vær kan opne seg i månadskifte juli/august, kanskje noko før i Skarvedalen.

Vi prøvar å halde oppdaterte meldingar på vår facebookside - så fylgj oss gjerne der!

Skjåk Almenning