Skjåk Almenning

Industrivegen 10
2690 Skjåk

 
 

Kontakt oss

firmapost@skjak-almenning.no
Telefon: 61 21 39 00
Opningstid måndag-fredag frå 08.00 til 15.30.

Navn *
Navn

Tilsette

JTL 2.jpg

Jo Trygve Lyngved

Jo Trygve er allmenningsstyrar og dagleg leiar i Skjåk Almenning. Han har det administrative ansvaret og har kontroll på det meste som skjer Skjåk Almenning; styresaker, bruksrettsspørsmål, viltforvaltning, eigedomsforvalting, festetomter og hyttefelt, planarbeid og utvikling av Skjåk Almenning. Han har mastergrad i naturforvaltning frå NMBU på Ås, og elles glad i dei fleste former for jakt og friluftsliv til fjells. Han har nokre periodar på hausten som han kan vere litt verre å få tak i enn elles.

Telefon 992 40 416
jtl@skjak-almenning.no

 
Kari Elin.jpg

Kari Elin Sperstad

Kari Elin er ekte Skjåkvær frå den vakre fjellgrenda Bråtå – inngangsporten til Breheimen. I Breheimen er ho svært godt kjent – og har vore på det meste av toppar som er verdt å besøkje, ei ekte fjellgeit med andre ord! Kari Elin er heldigvis ikkje jeger sjølv (for då hadde det vorte snevre opningstider her om hausten), så det er stort sett ho du har kontakt med dersom du skal på villreinjakt i Skjåk, bestille hytte, overføre festekontraktar eller andre ting relatert til hytter og hyttetomter . Ho kan hjelpe deg med det meste – så ikkje nøl med å ta kontakt!

Telefon 61 21 39 00
kari@skjak-almenning.no

 
Kjell.jpg

Kjell Olstad

Kjell kan du av og til treffe på kontoret– men aller helst er han ute i skogen eller til fjells. Han er den som er best kjent i skogane våre og på allmenningshyttene. Han har oversikt over utstyr vi har, og har tilsyn med skogsvegar, alle hyttene i skog og fjell, forsyner dei med ved, gass og utstyr både sommar og vinter – og kontrollerer jegerar og fiskarar. Dersom du vil hogge deg ved i Skjåk Almenning, kan han hjelpe deg med å finne eigna område. Elles kan han hjelpe deg med diverse praktisk skogsarbeid, som til dømes å felle tre som står for nære hytta di.

Telefon 480 31 414
kjell.olstad@skjak-almenning.no

 
 
Birgit og drever.jpg

Birgit Bilstad

Telemarkjenta Birgit kom til Skjåk i 2010. Da vart ho tilsett som fiskerettleiar i Skjåk Almenning. Dette var eit 3-årig prosjekt, men når dei åra hadde gått såg ein at det fortsatt var bruk for Birgit her. Småvilt og fiske er hennar spesialitet, men ho tek seg også av andre oppgåver både ute og inne. Du kan også treffe henne i fjellet som naturoppsyn.

Ho tykkjer at fjella og naturen i Skjåk er det finaste som finns, så betre kan ho ikkje ha det. Midt i smørauga for ein ivrig jeger og friluftsmenneske. Birgit har Mastergrad i Skogfag innblanda med mykje vilt og fiskeforvaltningsfag frå NMBU på Ås.

Telefon 976 05 329
birgit@skjak-almenning.no

 
Astrid.jpg

Astrid Bjørnstad

Astrid starta i Skjåk Almenning 1. mai 2018 som økonomileiar. Ho har lang erfaring innan rekneskap og økonomistyring. På fritida er ho mykje ute med familien på tur i skog og fjell, så ho er godt kjent i Skjåkfjella.  

Telefon 902 17 104

E-post astrid@skjak-almenning.no

 
Skogbruk JoT (6).JPG

Sylfest Bjørkli Forberg

Sylfest er den av oss som har lengst erfaring med motorsag i Skjåk Almenning, og du kan nok treffe han i skogen, men sjeldan på kontoret. Han driv med planting, ungskogpleie og diverse andre praktiske oppgåver i Skjåk Almenning.

Telefon 901 27 752

 
Sæbjørn Forberg.jpg

Sæbjørn Forberg

Sæbjørn er tilsett gjennom Skjåk Almenning som sekretær for Norsk Almenningsforbund, NALF. NALF er ei samanslutning for bygdeallmenningar i Norge der dei arbeider med deira interesser i skogbruk- og utmarksrelaterte saker. Vil du vite meir om NALF, har dei si eiga heimeside www.nalf.no

Telefon 901 50 082
forberg@nalf.no