Bruksrett

Seter billingen bruksrett.jpg

Almenningsretten eller bruksretten i ei bygdealmenning ligg til jordbrukseigedomane i bygda. Bruksretten omfattar i praksis rett til å bruke almenninga si – for eksempel til ved, beite eller seter. Bruksretten og andre reglar omkring bygdealmenningar er nedfelt i lov av 19. juni 1992, Lov om bygdealmenninger. I tillegg er sedvanerett og rettspraksis viktig for almenningsretten. Ein kan ikkje dele frå eller særskilt selje bruksretten frå jordbrukseigedomen.

Retten til trevirke til eigedomens behov ved jordbruksmessig drift er i dag den økonomisk sett viktigaste bruksretten. I praksis fungerer den slik at ved kjøp av trematerialer til bruk i jordbruksdrifta gjev allmenninga ulike rabattar avhengig av kva som blir kjøpt. Den enkelte allmenning kan også gje bidrag til en del byggematerialar som erstattar trevirke.

Forvaltning av bruksretten ligg til almenningsstyret, og det er almenningsstyret som skal sikre ei forsvarleg forvaltning og utnytting av almenninga innanfor lova sine rammer.