logo

 Åpningstider: 
man-fredag: 08.00 - 15.30
Tlf: 61 21 39 00

Kortsal og prisar

Småviltjakt utan hund i Skjåk Almenning 2013

I perioden f.o.m. 10. september - t.o.m. 30 september sel vi eit avgrensa antal kort i kvart av jaktfelta (A, B, C, D), inndelt i 3 periodar. Ein kan søkje på 3-døgns kort eller vekeskort i dei tre ulike periodane. Dette for å fordele jakttrykket over fleire felt i starten av jakta, og sikre ei betre forvaltning av småviltressursane.

Frå og med 1. oktober opnar vi for kortsal utan søknad på Inatur, dersom bestanden tillet det

Baglimit på både lirype og fjellrype vert fastsett i august etter taksering.
Orrfugl og Storfugl er freda, elles kan ein jakte på dei artane av småvilt som er tillatt i gjeldane forskrifter frå DN. 

Periodar ein kan søkje jaktkort i;

Periode 1: (10/9 - 16/9) - jaktfelt A, B, C eller D
Periode 2: (17/9 - 23/9) - jaktfelt A, B, C eller D
Periode 3: (24/9 - 30/9) - jaktfelt A, B, C eller D

Søknadsskjema finn du i undermenyen. Dei som ynskjer å jakte saman, kan søkje som lag.

Kortprisar på småviltjakt utan hund i Skjåk Almenning:

       3-døgns kort     
(10/9 - 23/12) 
Vekeskort
(10/9 - 23/12)     
 Sesongkort   
(1/10 - 23/12) 
Pris  kr 300 kr 500 kr 750



Rypejakt med hund i Skjåk Almenning 2013

Frost på rypejaktAlle utanbygds som ynskjer å jakte rype med hund må søkje om dette.
 
I perioden f.o.m. 25. september - t.o.m. 8. oktober sel vi eit avgrensa antal kort i kvart av jaktfelta (A, B, C, D), fordelt på to periodar. Ein kan søkje på 3-døgns kort eller vekeskort i dei to ulike periodane. Sesongkort gjeld berre frå 9/10 til 23/12.

Periode 1: (25/9 - 1/10) - jaktfelt A, B, C eller D (3-døgns kort eller vekeskort)
Periode 2: (2/10 - 8/10) - jaktfelt A, B, C eller D (3-døgns kort eller vekeskort)
Periode 3: (9/10 - 23/12) - jaktfelt A, B, C eller D (3-døgns kort, vekeskort eller sesongkort)

Søknadsskjema finn du i undermenyen 


Kortprisar på småviltjakt med hund i Skjåk Almenning

       3-døgns kort     
(25/9 - 23/12) 
Vekeskort
(25/9 - 23/12)     
 Sesongkort   
(9/10 - 23/12
Pris  kr 400 kr 700 kr 1000
 
Alle som ynskjer å jakte med hund må løyse jaktkort for jakt med hund. 

Dersom fleire vil jakte samen, kan dei søkje som lag.

Søknadsfristen er 1. juni for jakt med og utan hund.