Forvaltning og virksomheit
Skjåk Almenning er ei Bygdeallmenning, som det finst vel 50 av i landet. Bygdeallmenning er utmark, der jordbruket har ulike bruksrettar, og gardsbruk i fellesskap har eigedomsretten. Rettstilhøva byggjer på gamal sedvane nedfelt i "Lov om bygdeallmenninger".
Som dei fleste bygdeallmenningar, er Skjåk Almenning ei allsidig bedrift tufta på naturvennleg og fornuftig utnytting av fornybare utmarksressursar i generasjonar.
Ved sidan av forvaltning av eigedom, skog, vilt, fisk og hytteområde, bruks- og eigedomsrettar, driv vi eit omfattande skogbruk.
Gjennom dotterselskapet Skjåk Trelast as driv vi også ein betydeleg foredlings- og forretningsvirksomheit innan trelast og byggjevarer (BYGGERN Skjåk).
Skjåk Almenning er deleigar i hytteproduksjonsfirmaet Skjåk-Hedda Hytter as i Bismo.
Med si geografiske utstrekning og verksemd, er Skjåk Almenning ein sentral institusjon og aktør i kommunen. Almenninga betyr mykje for identitet, tilhøyrigheit, busetjing, sysselsetjing, økonomi, fritid og trivsel. I aukande grad tek tilreisande utmarka vår i bruk i samband med ferieopphald, hytteliv, jakt, fiske, bærplukking og andre former for friluftsliv.
Almenningsstyre
Frå april 2010 har almenningsstyret fylgjande samansetjing: Sverre Andersbakken (leiar), Sæbjørn Forberg (nestleiar), Liv Oddrun Maurstad, Rannveig Brennhaug, Jan Erik Mæhlum, Gudrun Ramstad og Kjell Egil Ramstad.