"Dei framsynte menn "..
Skjåk Almenning ligg lengst vest i Oppland fylke, der austland møter vestland i grensestroka mot Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Her har Skaparen vore raus. Naturen er vakker og variert, med naturperler på rekkje og rad. Klimaet er tørt og stabilt. Vi ynskjer å friste også deg til eit besøk!
Administrasjonen ligg ved riksveg 15 lengst vest i kommunesenteret Bismo. Ved porten er det reist ein grov furustolpe med minneplate, der «dei framsynte menn som kjøpte Skjåk Almenning i 1798» vert heidra.

Såleis har Skjåk Almenning vore forvalta lokalt i meir enn 200 år! At det har gått bra, vitnar verneverdiane i området om. Almenninga utgjer ein stor del av Reinheimen Nasjonalpark med tilstøytande landskapsvernområde, og størstedelen av Breheimen Nasjonalpark med tilstøytande landskapsvernområde.
Du kan lese meir om historia til Skjåk Almenning på Lokalhistoriewiki.