Villreinjakt
Villreinjakt i Skjåk
Skjåk Almenning er Norges største private tilbydar av villreinjakt. Kvart år vert det tildelt rundt 400 dyr, og om lag 2/3 av jaktkorta går til utanbygds jegerar!
Skjåk er med i Ottadalen villreinområde, eit villreinområde som omfattar over 4 750 km2 i 10 kommunar.
Det er høg kvalitet på villreinen i Ottadalen, og av mange vert dette rekna som kronjuvelen blant villreinområda i landet. Kvart år vert det skote mange bukkar med gevir som kjem godt over kravet til gull.
Fellingsprosenten ligg for det meste rundt 70 %.
Jakttida på villrein i Ottadalen villreinområde er frå og med 20. august, til og med 9. september.
Dei ulike områda
Villreinjakta i Skjåk er delt i 3 ulike område; søraust, sørvest og nordaust. Du kan laste ned eit oversiktskart over områda her.
På nordaust jaktar ein stort sett innafor Reinheimen Nasjonalpark.
Det blir tildelt flest kort på nordaust, og det er derfor lettare for utanbygds jegerar å få jakt i dette området.
Terrenget her er prega av slake flyer og er ikkje spesielt krevjande. Nordaustområdet har overgangsavtale med Lom, Lesja og Vågå, denne gjeld tysdag, onsdag og torsdag - to av vekene i jakta.
Desse fjellbuene er opne for jegerar under jakta; Storhøbu, Sveinbu og Skarvedalshytta.
På søraust jaktar ein i Breheimen Nasjonalpark.
Søraustområdet har generelt eit meir krevjande terreng å ferdas i. Reinen står vanlegvis meir spreidd i terrenget, noko som gjer at ein oftare får skotsjansar dersom ein fyrst får auge på reinen. I tillegg er det ein mektig natur å ferdas i, særleg bukkejakt søraust for Lundadalen er ei unik oppleving!
Desse fjellbuene er opne for jegerar under jakta; Sauhytta, Grønstorrbue og Sottjønnbue
På sørvest jaktar ein også i Breheimen Nasjonalpark. Området her har færrast tildelte kort, og berre nokre få kort går til utanbygds. Dette er av dei fleste rekna for å vere det mest ekslusive terrenget, og med unntak av Raudalen er det mindre krevjande å ferdas her enn lenger aust.
Desse fjellbuene er opne for jegerar under jakta; Raudalsbue og Glitterbue.
Skjåk Almenning har også tre hytter til leige som er svært aktuelle som base for jaktlag. Legerhytta er eit flott utgangspunkt for jegerar på sørvest, Liabu for dei som har jakt på søraust, og Heggjeåsage kan vere utgangspunkt for jakt i alle tre områda våre. For meir informasjon og pristilbod, ta kontakt med oss.
Det er fleire aktørar i Skjåk som driv med kløvjing av utstyr og kjøttransport med hest, ta kontakt med oss for meir informasjon.
Prisar og søknad
Frå og med 2012 vart det innført to kategoriar jegerar på villreinjakt i Skjåk, innabygds og utanbygds jegerar.
For utanbygds jegerar er det framleis mogleg å søkje som lag.
Innabygds har eige pris- og tildelingssystem for ulike kategoriar dyr.
Prisane for utanbygds for ulike kategoriar dyr er i 2013 fastsett til:
| Fri bukk | kr 11 800,- |
| Bukk u/50 kg | kr 8 400,- |
| Bukk u/40 kg/ simle | kr 7 000,- |
| Kalv | kr 3 400,- |
I menyen til venstre finn du elektronisk søknadsskjema for både innanbygds og utanbygds jegerar.
Søknadsfristen for utanbygds er 15. mars, søknadsfristen for innabygds er 15. april.