Jakt
Jakt og fangst har lange tradisjonar i Skjåk, og kommunen er mellom dei store i landet når det gjeld faunarikdom og jaktmoglegheiter. Vi finn solide stammer av alle 4 hjorteviltartane. Jakta betyr mykje for mange, gjennom matauk, opplevingar og trivsel.
Villreinen står i ei særstilling som jaktobjekt i Skjåk. Skjåk Almenning er største jaktrettshavaren innan Ottadalen Villreinområde, av mange verdsett som kronjuvèlen blant norske villreinområde.
Søknadskjema for villreinjakt: sjå undermeny til venstre.
Elgen er også ein betydeleg ressurs i almenninga. Nesten kvart år vert kvota på 50-55 dyr fylt. Årleg vert det felt oksar i ypperste klasse både når det gjeld vekt og gevirprakt.
Hjorten har vorte eit viktig og talrikt innslag i Skjåk-faunaen. Enkelte av kronhjortane som vert skotne, kan i storleik og gevirpryd måle seg med dei beste som er felt her i landet.
Vi har ynglande jerv i området, og mest årleg har vi vitjing av både bjørn, ulv og gaupe.
