stig_1

Startside Om oss Geografi og natur
Geografi og Natur PDF Skriv ut E-post

Skjåk Almenning er på heile 2 millonar dekar, og er den største private eigedomen i landet.   Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romdsdal,  noko både landskap og klima  bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest. 

Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.  Rundt 2009-2010 kan meir enn 80 prosent av Skjåk Almenning vera verna i ei eller annan form. 

Hausten 2006 vart Reinheimen nasjonalpark med kringliggjande landskapsvernområde oppretta.  547 000 dekar, eller 21 prosent av arealet ligg i almenninga.  For tida ligg det føre verneplan for Breheimen nasjonalpark og tilgrensande naturreservat og landskapsvernområde. Her kan nær 1 mill. dekar av Skjåk Almenning bli verna. 

I 2005 vart Honnsrøve naturreservat på vel 16 000 dekar oppretta.  Dette er eit unikt og vakkert område vest for Pollfoss, med gamal kraggfuruskog og mykje ulvelav på daud ved.

I tillegg til nemnde område, er ein stor del av vassdragsnaturen i almenninga verna, og ymse forskrifter og reglar legg sterke band på nyttinga av skogen.  

Utan tvil vert Skjåk Almenning den private grunneigaren i Norge som må gje frå seg mest mynde og rådvelde til fellesskapet.  Skjåk kjem til å toppe rankinglista over nasjonalparkkommunar (1364 km2) i landet, og det nær 100 prosent hjå ein og same grunneigar!

Det omfattande naturvernet i almenninga og kommunen gjev oss store utfordringar på godt og vondt: Korleis vende det som kan bli opplevd som eit hinder for bygdeutvikling til noko positivt - til moglegheiter for nettopp bygdeutvikling? 

Skjåk er den nedbørfattigaste kommunen i landet, med ein årsnedbør i hovuddalføret på berre ca. 250 mm.  Jordbruket er heilt avhengig av kunstig vatning.

Kommunen ligg sentralt i høve til til kjente turistdestinasjonar som Geiranger, Stryn, Lom og Jotunheimen, og er i seg sjølv ei naturperle som det er vel verd å besøkje.

Sist oppdatert den torsdag 08. oktober 2009 04:10
 

Storslagent!

Click on the slide!

Sommaridyll i Breidalen

Click on the slide!

Fantastisk utsikt frå Tverrådalskyrka mot Sota og Liavatnet!

Click on the slide!

Stilla med Tverråa i bakgrunn

Frontpage Slideshow (version 2.0.0) - Copyright © 2006-2008 by JoomlaWorks

Unn deg nokre dagar i fjellet...

hytteutleie1
Les om vårt utleietilbod av hytter og buer  HER

reinblom-1
Reinsblome