
| Forvaltning og virksomheit |
|
|
|
|
Skjåk Almenning er ei Bygdeallmenning, som det finst vel 50 av i landet. Bygdeallmenning er utmark, der jordbruket har ulike bruksrettar, og gardsbruk i fellesskap har eigedomsretten. Rettstilhøva byggjer på gamal sedvane nedfelt i "Lov om bygdeallmenninger". Som dei fleste bygdeallmenningar, er Skjåk Almenning ei allsidig bedrift tufta på naturvennleg og fornuftig utnytting av fornybare utmarksressursar i generasjonar. Ved sidan av forvaltning av eigedom, skog, vilt, fisk og hytteområde, bruks- og eigedomsrettar, driv vi eit omfattande skogbruk. Almenningsstyre Frå april 2008 har almenningsstyret fylgjande samansetjing: Sverre Andersbakken (leiar), Sæbjørn Forberg (nestleiar), Petter Gjerdet, Rannveig Brennhaug, Jan Erik Mæhlum, Gudrun Ramstad og Kjell Egil Ramstad.
|
|||
| Sist oppdatert den torsdag 08. oktober 2009 04:37 |