logo1

Skjåk kommune består av 2 storviltvald, der det eine er Skjåk Almenning. Almenninga har ca. 217 000 daa. teljande areal, og årlege kvoter ligg på ca 45-55 elg, 30-40 hjort og 40-55 rådyr. Jaktfelta varierer både i storleik og topografi, og til samen er det 8 jaktfelt.
Jakta føregår frå lågareliggande furuskog på ca 400 moh. til meir høgareliggande fjellbjørkeskog og snaufjell på over 1000 moh. Terrenget egnar seg godt både for laushundjakt og smygjakt-/posteringsjakt. Årleg blir det felt elgoksar i ypparste klasse både når det gjeld vekt og gevirprakt. Hjorten er også blitt ein viktig del av jaktressursen, og nesten kvart år blir det felt bukkar med gullgevir i Skjåk.


Elg- og hjortejakta blir sett bort på 3-årige kontrakter, der inneværande periode går ut 31.12.2017.

Skjåk Almenning har samarbeid med Gudbrandsdal Elghundklubb om jaktprøver på vårt terreng.  

Bestandsplan for elg, hjort og rådyr Skjåk Almenning og Skjåk Utmarksråd 2012-2014

Bestandsplan for elg, hjort og rådyr Skjåk Almenning og Skjåk Utmarksråd 2015-2017

 

Raudalsoksenskiakerjaktlagred

"Raudalsoksen" som vart felt 25/9 -2015 av jaktlaget til Leif Skiaker. Oksen vog 279 kg slaktevekt og hadde 20 taggar i geviret.

 

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.